Misvær samtaleforening

Dei siste tiåra av 1800-talet er ei grotid for folkeopplysning og foreiningsarbeid i Noreg. Arkiv i Nordland har fått inn eit materiale frå Misvær som kastar lys over desse fenomena på lokalt plan ...

Klikk for stort bilde

Det store hamskiftet

Bygde-Norge endra seg på mange måtar på siste halvdelen av 1800-talet. I ettertid er perioden omtalt som "Det store hamskiftet" og er prega av både økonomiske, kulturelle og sosiale endringar. Marknaden for husdyrprodukt som kjøtt, mjølk, smør og ost auka som følgje av at byar og tettstader auka folketalet under ei gryande industrialisering, og i bynære bygder kan vi sjå at jordbruket vart meir spesialisert og marknadsorientert. Det gamle standssamfunnet smuldra opp, og nye samværs- og kulturformer kom til syne. Folk kunne lese betre, biblioteka vart bygde ut, aviser kom til - ja, den store verda kom nærare inn i bygdesamfunna. Folkelege rørsler voks fram og tok opp kampen med embetsmannsstaten; lekfolk utfordra prestane om tolkinga av bibel og kristenliv, og bønder og borgarar baud embetsstanden opp til politisk kamp.

Klikk for stort bilde

 

Folkeleg opplysning

I Misvær i dåverande Skjerstad kommune merka dei neppe så mykje til dei økonomiske verknadene ved hamskiftet så tidleg som i 1880-åra, men folkeopplysningstanken nådde den vesle fjordbotnen. Ein tidleg fredagskveld i november i 1885 kom sju menn saman for å starte ei foreining dei ville kalle Misvær samtaleforeining. Føremålet for foreininga låg i namnet; det var å fremje allmenn opplysning og dugleik, og øve medlemene i samtale. Ein kvar konfirmert mannsperson hadde høve til å søkje medlemskap.

 

 

Unge menn tar initiativ

Det var stort sett unge menn som fylte samtaleforeininga frå starten. Den første leiaren, Hans Mikal Pedersen, var berre 21 år gamal, og tre andre var i tjueåra. Ingen ser ut til å ha vore eldre enn 40. Det kan sjå ut som vi står overfor ein forløpar for dei mange ungdomslaga som vart skipa seinare, frå 1890-åra og utetter.

På det første møtet innleidde den nyvalde leiaren til samtale om spørsmålet: Hvorfor nekter Skjærstads herredsstyrelse veianlæg i Skjærstad sogn? I følgje protokollen veksla ordet 30 gonger, og konklusjonen romma kritikk både mot den einskilde veljar - som ikkje nytta røysteretten sin til å få dugelege folk inn i heradstyret - og mot dei folkevalde som ikkje torde å hevde meininga si av frygt for at gjøre de eldre imod, som ikke vil have vei ...

Protokollane etter samtaleforeininga er bevarte, og dei fortel grundig om kva tema som vart diskutert, kven som innleidde og resultatet av diskusjonen. Protokollrekkja sluttar i 1896 utan at det framgår at samtaleforeininga vart nedlagt. Kan hende finst det fleire protokollar der ute ein stad?

 

 

Varierte tema til diskusjon

Emna varierer mykje; frå konkrete, heimlege spørsmål som vegbygging, regulering av laksefisket og bygging av kyrkje i Misvær, til meir allmenne problemstillingar som fråhaldssak, målsak og kvinnesak. Meiningsbrytinga var sterk, og i ei fleste sakene var det ulike meiningar som stod mot kvarandre. 125 år seinare lar vi oss imponere over kor velorientert desse unge mennene i Misvær var, og at dei på mange måtar var framfor si tid. I diskusjonen om kvinnesaka kom det fram vektige argument om at kvinnene burde få utvida sine rettar innan næringsverksemd, få røysterett og bli likestilt med menn ved arv.

Etter eit møte var likevel konklusjonen at "diskusjonen var mindre livlig enn vanlig". Da var diskusjonstema Dannelsen av modstridende partier i Norge. Årsaka var at "alle være venstresinnede".

Klikk for stort bilde

 

Kvifor i Misvær?

Kvifor kom denne samtaleforeininga, som tykkjest vere ein pioner i distriktet, nett i Misvær?

Hovudårsaka var nok Hans Mikal Pedersen, ein gåverik ungdom frå Misvær som hadde gått på skogskolen i Steinkjer vinteren 1884-85. Han gjekk ut som skolens beste elev og hadde tydeleg blitt inspirert av meir enn skogbruk denne vinteren.(1) Vi har grunn til å tru at Hans Mikal hadde med seg ideen om ei samtaleforeining då han vende attende til Misvær, og at han var den drivande krafta til å skipe foreininga. Han var òg første formannen, og han står fram som ein aktiv og drivande debattant, og markerer seg òg som den leiande liberalar i samtaleforeininga. Men det var ikkje slik at Misvær samtaleforening sto og fall med Hans M. Pedersen. Hans var berre heime i Misvær i to år før han på ny reiste ut frå bygdesamfunnet. For å gjere ei lang historie kort, så enda Hans M. Misvær, som han seinare kalla seg, som professor i fruktdyrking ved Norges landbrukshøgskole, no Universitetet for miljø- og biovitenskap.

Det måtte derfor vere fleire faktorar som gav grobotn for samtaleforeininga i Misvær. Vi har ved tidlegare høve lagt merke til at denne bygda i Skjerstad var langt framme i samfunnsutvikling og orientering mot den store verda. Og det kunne vel ikkje vere så mange andre stader i Nordlands utkant at ungdommen møttes for å diskutere emne som Forstandig og uforstandig velgjørenhet, Hvilken tid må ansees som ubenyttet? - eller Leve som gift eller ugift?     

 

 

 


 

(1)  Opplysningane om Hans M Pedersen er frå: Magne Bruun, "Hans M. Misvær: Norges første professor i fruktdyrking" i Årbok for Skjerstad 1995, N. Ødegaard, Norges landbrukshøiskole 1859-1909, Norges landbrukshøgskole 1859-1959