Då ein Normann vart henta heim…

Klikk for stort bilde

Staben ved Arkiv i Nordland hadde ei førjulssamling på Hålogatun, i galleriet for nordlandsmålaren Adelsteen Normann. Eit av kunstverka i galleriet heiter Sommernatt i Raftsundet. Som mange av kunstverka har dette målarstykket ei forhistorie. Den forhistoria er bevart i Arkiv i Nordland

Klikk for stort bilde

I 1959 var dåverande Bodin kommune i ferd med å bygge nytt rådhus. I dag kjenner vi det som Herredshuset, like innafor Snippen langs FV80 mot Fauske. Det nye rådhuset skulle få kunstnarisk utsmykking, og stortingsrepresentant Hans Berg, som var frå Bodin, hadde fått vite at målarstykket Sommernatt i Raftsundet var til sals i Oslo. I denne samanhengen vart det konsekvent omtalt som "Midnattsol over Raftsundet".

Berg tok kontakt med Bodin Meieri og ymta frampå om ikkje meieriet kunne tenkje seg å bidra til at dette målarstykket kunne få sin plass i det nye rådhuset. Prisen var høg, 10 000 kroner (ca. 110 000 kroner i dag), men det kunne tenkjast at det gjekk å forhandle prisen noko ned, meinte Berg.

 

Styret i Bodin Meieri tok opp hansken:

Hrr Stortingsmann Hans Berg, Oslo.

Ad Normannbildet

Grunnet travelhet med våronn og andre saker, har styret ikke hat anledning til å møtes før i dag. Utskrift av forhandlingsprotokoll sak 54/59 lyder som følger: "Refererendes brev fra stortingsmann Berg ang. kjøp av Normannbildet, se sak i årsmøtet nr. 5 d.å.

Beslutning: "Fru Hunstad foreslo å gi et tilbud på kr. 7.000. Eventuell omsetningsskatt og andre salgsutgifter er meieriet uvedkommende." Forslaget vedtokes mot en stemme (Kr. Bodøgård). Sådan står saken. Vi har hat store uttellinger i det siste ...

 

 

Eigaren var ikkje lysten til å gå så langt ned ...

Stortingsmann Hans Berg ringte meg 6. juni og leste da for meg den beslutning styret i Meieriet hadde tatt. Eg ble ikkje så lite skuffet, og eg var en del i tvil om eg skulle si plent nei. Da ville muligens alle broer være brutt. I betraktning av at maleriet så ubetinget hører hjemme i Bodin rådhus, meget mer enn noe annet sted, mens det opplagt er for stort for min privatbolig, syntes eg det ville være sørgelig om det skulle bli resultatet

Meieristyret var ikkje til å rokke; 7000 kroner var det meieriet kunne strekke seg til. Det enda med at dei fekk kjøpe biletet for den prisen, etter at det var stadfesta å vere ein ekte Normann.

Målarstykket kom velberga til Bodin og fekk sin plass i vestibylen i 2. etasje i Herredshuset. Her hang det fram til 2001 då Bodø kommune deponerte kunstverket hos Stiftelsen, som gav det ein prominent plass i samlingane på Hålogatun.

Eit sveip i Bodin kommunearkiv gav ingen tilslag på denne saka. I formannskapet sine forhandlingar finn vi korkje spor etter innviinga av Herredshuset eller gåva frå Bodin Meieri. Einaste sporet er at formannskapsmøtet 18.9.1959 vart halde i det gamle kommunelokalet, medan det neste møtet, 15.10., er protokollert halde på Herredshuset (ordførerens kontor).

Men det er ei heilt anna sak.

 

 

Kjelder: Bodin Meieris arkiv, Bodin kommunearkiv, Viggo Eide, Adelsteen Normann Stiftelsen, Karl-Åge Moe, Bodø kommune